Forslag til regulering av selfangsten i 2019

26.11.2018, 08:01

 

Fiskeridirektoratet har no lagt forslag til regulering av selfangsten i Vesterisen og Austisen i 2019 ut på høyring. Høyringsfristen er 15. januar 2019. Også forslag til regulering av kystsel er lagt ut på høyring med frist for innspel innan 13. desember 2018.

Med bakgrunn i tilråding frå forskargruppa på sjøpattedyr foreslår Fiskeridirektoratet at det kan fangstast inntil 26.000 grønlandssel i Vesterisen. I tråd med rådet frå forskargruppa foreslår direktoratet at det ikkje vert opna for fangst av klappmyss i Vesterisen i 2019.

I Østerisen er Norge tildelt inntil 7000 grønlandssel i 2019. Forslaget til regulering av selfangsten i 2019 og rapporten frå forskargruppa er lagt ut på høyringssidene til Fiskeridirektoratet.

Fiskeridirektoratet la sist veke ut forslag til regulering av kystsel i 2019 og med unntak av ein kvoteauke frå 25 til 32 steinkobbar i Sogn og Fjordane foreslår Fiskeridirektoratet dei same kvotane av både steinkobbe og havert i 2019 som i 2018.